Om Veitastrond Gardsysteri
Veitastrond Gardsysteri produserer geitost etter oppskrifta til oldebesta, og slik me har gjort i generasjonar. Me er oppteken av tradisjonar og kvalitet.
I dag er gardsysteriet drive av Beate Flugheim Neset. Ho er tredje generasjon som produserer ost for sal og tok over i 2023. I år skal dei rundt 120 geitene få beita på Vårstølen.
Me ynskjer å vidareføra alt me har lært om ysting, samtidig som me ynskjer å vidareutvikla produksjonen med moderne smakar og nye variasjonar.
Me held til på Teigen på Veitastrond, 2 km frå butikken. Kom gjerne innom oss.